Åsen Skolekorps
ÅSEN SKOLEKORPS
 • Sponsor    • HVA SKJER?    • Info    • Bilder    • Medlemmer    • Styret    • Ansatte    • Økonomikomiteen    • Uniform    • Historikk    • Kontakt oss     • Gjestebok  

 

 

   Historikk
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 674 968

 

 


Årsmelding - 25 årsjubileum 1990

Reithaug Skolemusikkorps
25 – års jubileum

Reithaug Skolemusikkorps vart offisielt starta 11. Oktober 1965, da det er frå denne datoen vi har dei første skriftlege notata. Men i alle fall eit par år før den tid vart det prøvd å få i gang skolemusikk for Reithaug skole. Det var da skolen som sto bak disse forsøka.
Det var no litt som å famla i mørkret, for det var få eller ingen som hadde røynsle fra slikt arbeid.
Først og fremst mangla ein instrument, men vi fekk låne nokre gamle og kasserte instrument frå Åsen Hornmusikklag, og så vart det innkjøpt nokre få nye instrument.
Så bar det i gang med øvingar, men ein tenkjer med gru tilbake på første gongen musikken sto fram på ein skolejultrefest på Solhaug. (vi hadde ikke egen gymnastikksal eller samfunnshus.) Det ble dessverre langt frå bra, men det var moro likevel, og foreldra gledde seg over at no var skolemusikken i gang. Seinare var dei ikke til å stoppe.
Så fekk ein etter kvart instruktørar frå hornmusikklaget, med trufaste slitarar som Ola Skansen, Egil Husby, Nils Harald Torkildsen, og seinare Tor Tvete, og fleire.
Men ein ting var klart: Skulle skolemusikken ha noko framtid, måtte det ordnast i meir faste former.
Det styret som hadde arbeidd for skolemusikken til no, møttest for å ordna dette 11. Oktober 1965, og frå denne datoen reknar ein at korpset er stifta.
Dei som møtte på dette møtet var: Ola Skansen, Ingemund Husby, Kari Olberg, Toralv Almlid og Arfinn Husby.
Desse valde så eit interimstyre med Ola Skansen som formann og Jarle Risberg som kasserer. Dei fungerte til februar 1967.
Skolemusikken hadde ved den offisielle starten ein gjeld på kr 1000,- i Åsen Samvirkelag, og det var da innkjøpt fem nye og eit brukt instrument som var i bruk. Somme hadde og kjøpt instrumentet sjølv.
Det som går igjen som eit fast tema på dei første møta i laget er pengemangel, og det vart sett i gang utlodningar og tilstelningar.
Frå november 1967 vart Trond Kolås frå Levanger tilsett som instruktør for korpset, med ei øving i veka.. Han fikk med seg dei før nemde instruktørane frå Åsen Hornmusikklag. Nye instrument og notestativ vart innkjøpte.
På årsmøtet i 1968 vart det første utkastet til lover vedtatt. Desse lovene vart seinare etter kvart endra noko.. Men heile tida er det styret som har det store ansvaret med å skaffe dirigent, instruktør og økonomi – i det heile – sørge for framgang og drift i korpset.
I 1968 kjem så spørsmålet om uniformar opp. Også her tok ein til i det små, og det vart vedtatt å prøve og skaffe huver til 17. Mai.
I Juli 1968 vart det søkt om lån i Åsen Sparebank på kr 10.000 som skulle nyttast til nye uniformer og nye instrument. Skolemusikken skulle kjøpe jakker, og så skulle foreldra ordne med skjørt og bukser.
Korpset hadde i 1968 34 musikarar, og talet har seinare lege mellom 30 og 40.
Det vart eit stort arbeid med å holde uniformene i orden, og mange har ut over åra hatt stort arbeid med dette.
Dei som heile tida har hatt ansvaret for at korpset skulle fungere musikalsk og på andre måter, er først og fremst dirigentane. Den som tok første støyten var Ola Skansen og hans hjelpemenner. Frå 1968 vart det så Trond Kolås, og frå 1969 tok Tor Tvete over som dirigent, og driv korpset framover i åtte år. Arne Teigen var dirigent ett år i denne perioden. Frå 1978 er Bjørn Olav Juberg dirigent – no med Tor Tvete som instruktør. Frå 1981 blir Gunnar Hokling dirigent, og frå 1982 er det Olav Flekstad.
I 1983 er så Tor Tvete tilbake som dirigent. Han har fylgd korpset gjennom alle år med godt tak på musikarane og har gitt gode råd til styret om instrumentkjøp og andre tiltak.
Det er før nemt at korpset har hatt økonomiske vanskar, men korpset har også hatt gode hjelparar. Ein tenkjer da først og fremst på støtteforeninga som i alle år har skaffa store summar.
I 1969 skaffa dei kr 6.100. ------ I 1989 skaffa dei kr 36.000.
Når dette kan la seg gjere er det fordi skolemusikken har møtt velvilje frå alle hald. Ein samla skolekrets har stødd opp, og ein har fått tilskot frå Åsen Sparebank, Åsen Samvirkelag, Levanger kommune, Lions club og fleire.

Kva er så resultatet av dette arbeidet som er lagt ned?
Jau, medlemane i korpset har tatt det første steget inn i musikkens verden. Dei har fått eit innblikk i denne vår felles kulturskatt. Og når dei først har fått ein del av denne musikken i seg, så er det noko som følger dei heile livet med glede og rike opplevingar.
Men det føljer meir med: Dei får kjenne fellesskapet med å høyre til i eit lag og kjenne seg som brør og søstre som går saman og løyser oppgåvene. Og det er ein felles styrke å gå bak korpset sitt banner som vart skaffa til 10-års jubileet i 1975.
Ein ekstra spiss vart sattpå korpset med drilljentene som hadde sin debutt i 1971.
I desse 25 åra har det gått slag i slag.
Det var stor stas da korpset første gongen stillte opp i 17. mai toget. Dei var heller ikke lite stolte da første marsen vart spela. Ellers har korpset stilt opp og spela ved juletrefestane og ved skolens avslutning før jul. Dei skapte og glans ved vigslinga av nyskolen, og ved tilstelningar for eldre.
Vi kenkjer og på alle musikkstevnene der det vart kontakt med andre skolekorps, med nye kameratar, og der ein lærde av andre sin musikk.
Ein skal heller ikkje gløyme dei fine sommarturane som korpset har hatt, med tur til Kongsvinger – Gøteborg – Korpsfestival på Eidsvoll, og tur nordover, og til Finland, Sverige og Danmark.
I mange år har Asbjørn Fossum lagt ned eit stort arbeid som korpsleiar.
Vi nemner og dei som har vært formenn og dirigenter desse 25 åra.
(Sjå liste under.)
Det er mange fleire namn som skulle ha vore nemnd i denne 25-års meldinga, men lista blir for lang, likevel er takken like stor til alle som har gjort ein innsats for korpset.
Ein vil og vone at det i framtida vil vere kvinner og menn som stør korpset og at unge musikarar finn glede i å være med i skolen og bygda sitt musikkliv.

3. november 1990
Arnfinn Husby

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Åsen Skolekorps, Postboks 26, 7631 Åsen